ORDLISTE

ORDLISTE

Oversikt over vallister per valdistrikt

Valdirektoratet har utarbeidd oversikter over kva for vallister som stiller i kvart enkelt valdistrikt, til bruk i vallokala.

Valdirektoratet har utarbeidd oversikter over kva for vallister som stiller i kvart enkelt valdistrikt, til bruk i vallokala.

Oversiktene er utarbeidde som eit tiltak for at veljarar lettare skal finne røystesetlar for vallista dei ønskjer å røyste på. Dersom ein veljar ser at det manglar røystesetlar for ei valliste, blir veljaren beden om å kontakte ein valmedarbeidar. I tillegg er det informasjon om korleis veljarane kan røyste ved å bruke partirøystesetelen med dei registrerte politiske partia som fekk over 5 000 røyster ved førre stortingsval.

Kommunen har framleis ansvar for å sørgje for at valmedarbeidarane har kontroll i valavlukka med at det er likt tal røystesetlar per valliste, at alle vallistene er representerte, og for å etterfylle røystesetlar ved behov.

Distriktsvalstyra blir oppmoda om å vidareformidle oversikta for sitt valdistrikt til aktuelle kommunar.

Filene er i A3-format og blir gjort tilgjengeleg både som  PDF- og Word-format, slik at kommunane kan gjere tilpassingar i formatet.

Vallistene finn du her:

Valgmedarbeiderportalen – Maler og hjelpemidler – valglister per valgdistrikt

E-posten vert sendt til registrerte kontaktpersonar med administrativt ansvar for valgjennomføringa i kommunen/fylkeskommunen.

Med helsing
Valdirektoratet

Nyhetsabonnement
Nyhetsbrev sendes ut på e-post
Ved å registrere e-postadressen, samtykker du til å motta informasjon og eventuelle spørreundersøkelser fra Valgdirektoratet på e-post.